
OppvaskkostKåre
Han levde i frykten for GulgummihanskeGaute, men PlumboPål visste om en vis mann, ved navn Dokostleif...Kunne han hjelpe Kåre?
Hais,
1 tiår siden
Det var ein gong ein oppvaskkost som heite Kåre. Han
Oppvaskkostkåre budde ved oppvaskkommen med Zalo og Plumbo
som næraste naboar.
Oppvaskkostkåre hadde eit problem, han hadde nemlig ein
frykteleg fobi mot vatn og bobler. Som alle kan tenkje seg er dette
eit alvorleg problem for einkvar oppvaskkost. Oppvaskkostkåre
var rådvill. Kva kunne han gjere for å unngå dei
gule gummihanskane ved namn Gaute? Kvar gong Gulgummihanskegaute
kom til syne visste Oppvaskkostkåre at han vart tvinga
ned den tilsynelatande botnlause
sjøen av bobler og glovarmt vatn. Dette hadde
føregått i mange år.
Etter adopsjonen frå
butikkhylla hadde han raskt funne ut at håpet om eit nytt og
betre liv ikkje var noko anna enn ein illusjon.
Var det nokon som kunne hjelpe han med å finne ei
løysing på den boblevatnfobien?
Oppvaskkostkåre bestemte seg for å
spørje gode gamle PlumboPål om råd.
Oppvaskkostkåre: PlumboPål! Kan du hjelpe meg?
Eg er så redd for vatn og desse forferdelege boblene som Zalo
lagar.
PlumboPål: Nja, eg trur ikkje eg kan hjelpe deg. Men
kanskje Dokostleif kan hjelpe deg. Han er den fryktlause og
allvitande dokosten og held hus på badet. Du kan gå og
besøke han, eg skal sei frå om at du kjem for å
spørje om råd.
Oppvaskkostkåre hoppa ut til badet for å finne Dokostleif.
Oppvaskkostkåre: Oi, oi, oi. Det var bra
eg fann deg, Dokostleif. Kan du hjelpe meg?
Dokostleif: Ja, kanskje det. PlumboPål snakka om at
du kom for å få eit godt råd?
Oppvaskkostkåre: Ja.
Dokostleif: Er det dei eksistensielle filosofiske
hemmelegheitane ved oppvaskkostlivet som plagar deg?
Oppvaskkostkåre: Nei, ikkje akkurat.
Dokostleif: Kanskje du lurer på om
oppvaskkostsjela du kjem til å bli reinkarnert etter at du
har tent dine dagar som trufast vaskereiskap?
Oppvaskkostkåre: Eh… nei. Det eg
eigentleg lurer på om er om du veit korleis ein kan bli kvitt
boble- og vatnfobien min?
Dokostleif: Boble- og vatnfobi??
Oppvaskkostkåre: Ja. Kvar gong
Gulgummihanskegaute tappar i vatn og bobler i oppvaskkommen kjenner
eg at plasten vrir seg, og busten reiser seg. Kva skal eg gjere? Eg
kan ikkje fortsette slik, eg vil ha eit verdig
oppvaskkostliv…
Dokostleif: Eg kan ikkje seie at eg har
høyrd om denne tilstanden før. Men det einaste
rådet eg kan gi deg er at du må prøve å
bli ven med vatnet og boblene. Ta motet til deg og hopp i det. Leik
deg med boblene og tenk glade tankar. Gjer du dette skal du
sjå det går kjempebra neste gong Gulgummihanskegaute
kjem.
Oppvaskkostkåre: Tusen takk for dette gode
rådet, Dokostleif.
Dokostleif: Lukke til Oppvaskkostkåre.
Oppvaskkostkåre tusla seg heim og begynte å psyke
seg opp til dagens oppvask. Då Oppvaskkostkåre hadde
vore heime ei stund såg han noko gult i det fjerne…
Det var Gulgummihanskegaute!
Oppvaskkostkåre stålsette seg. Vatnet spruta og boblene
vaks seg større og større idet Gulgummmihanskegaute
tappa i vatn. Store kvite uhyggelege bobler som kom nærmare
og nærmare. Oppvaskkostkåre hoppa i det med ein tanke i
hovudet: Dette må gå bra!
Til oppvaskkostkåre sin store forbauselse gjekk det
fint, han var ikkje redd lenger.