Glemt passord?  

Siste Gallerier

Se flere Gjør mindre

Siste Klubber

ingen beskrivelse

vildkatta

Klubbeier: Vildkatten

Se mine bilder gratis og ... 

ingen beskrivelse

Humor-Klubben

Klubbeier: iLoony

Klubben for humor. Her er... 

Draumen om fred

Draumen om fred

 

Man får vel prøve seg på nynorsk iblant og?
"Skot som forandrar seg til høge hjarteslag"
 

ingen beskrivelse Hais1 tiår siden

Det var som eit skodd frå ingenstades. I den vakraste morgonen som eg fekk oppleve, falt min beste kamerat til jorda, til sitt siste åndedrett i dette livet. Han har alltid vore den diplomatiske av oss, og det var nok det som drap han.

Vi er omringa i eit krater, av fiendar som kunne vore våre gode naboar, det er fyrst no at vi for alvor merkar krigens sanne ansikt. Det kvite flagget så ut som ein god ide, men det ei. Han såg så lukkeleg der han låg livlaus. Han skulle ikkje reist seg for å flagge ut, fienden høyrer ikkje fred for berre krig. Det var sekunder. Mindre. Vi var ti menn, så ble vi ni, åtte… No er vi berre fem av oss igjen, og løytnantsmerket ser mindre og mindre for kvar mann Døden handhelser på. Det er berre ein meir freistande skyteskive.

Skal vi sjå, kven av oss er igjen? Liggande nede i gropa, med ein rusten handgranat på fingeren, er Ernest. Det var, dette høyres kanskje litt ondt ut, men det var han eg trudde kom til å døy fyrst, han har ikkje kropp for krig. Han er ein spinkel kar, og seier ikkje stort, men kan treffe ein fiende utan i det heile tatt å sjå han. Han er noko utanom det vanlege, og det er vanskeleg å sjå at han berre er tjue år gamal.

Så på kvar sin side av han står Dødstvillingane, Peter og Alan, som ein haug av murstein. Du kan kanskje tenkje deg kvifor dei blir kalla det. Ikkje? Vel, dei er tvillingar og dei har dødsrekorden i vår tropp. Det vil si at dei har skote flest fiendar. Dei er begge mentalt i ubalanse, kjekt å ha likevel om det ikkje berre er fienden som blir skremt av deira godt utrusta kropp. Men tenk, ingen av dei ville ikkje eingong tenkje på å gjere ei fluge fortred. Om dei ikkje fekk betalt for det så klart. Men kven betalar nokon for å skade ei fluge?

So har vi Manny, ein heilt vanleg neger med ein meining om alt. Og ikkje tru han lar det liggje utan å kome med ein eller annan kommentar. Dei einaste stundene han held fred er når han eter eller søv. Noko som minskar for kvar dag som går. Men han er likevel ein person eg ville gjeve mitt eige liv for.
Eg sjølv er ikkje mykje å snakka om, eg er berre meg. Den som må ta avgjøringar som kan koste nokon livet. Eg er nok den lengste av oss, og er nok den mest normale i gruppa. Det seier eg fordi det er som eg er den einaste med samvittigheiten i behald, til tross for krigens offer.

No har det gått tre dagar og tre netter, null rasjoner og berre ei enkel kasse med ammunisjon. Alle er slitne og leie. Eg skulle ynskje at krigen ble avbroten, og vi alle kunne dra heim igjen. Heim til sivilasjonen. Eg drøymte om det i natt, eg drøymte med auga opne. Det var ein draum, ein vakker draum om å kome heim. Det var ein draum om fred. Eg var ikkje sikker med det same, men det var for godt til å vere sant. Lufta var klar som morgondogget på den skjøre blome, og fuglane var tilbake og kvitra den vakraste song, som fekk meg til å gløyme kvar eg var. Alt var grønt og ingen soldatar eller arr etter krigens tid var å sjå i soloppgangen ved horisontlinja. Vi var alle lukkelege og levende, eg høyrte høge hjarteslag, det dei blei meir og meir like skot frå ein pistol. Da eg vakna var Peter i gong med å skote på fienden. Realiteten er vanskeleg å svelgje.

Men eg har ikkje mykje tid til draumar, det er krig. Og det er brote ut ein ny krig, innan i den gjenlevande gruppa. Det er som eit virus, holdninga og irritasjonen smitter over til kvart einaste medlem. Ernest ligg på same sted, framleis med ein handgranat rundt fingeren. Han har dessutan funne ut at det er morosamt å stire utan å blunke å Alan, som er fire gonger hans storleik. Alan på sin side, fant det ikkje like underhaldande og prøvar høfleg å få Ernest til å halde auga sine på horisonten, etter fiendar. Det fungerte ikkje så godt som vi andre også håpa. Eg trur Alan, tross hans syn på at krig er gøy, begynner å bli lei av heile konseptet krig no. Det gjer vi nok alle, og eg seiar deg, om blikk kunne drepe, hadde vi alle vært ein død soldat på minnetavla. Plutseleg fyker Alan opp og tar hardt tak i Ernest, løfter han opp som han skulle vore ein pappboks. Det trengte det ikkje meir til for å få de begge drepne, av ein og same kula. Det gjekk i slow-motion mens dei kjem nærare og nærare bakken. Det såg så fredeleg ut å berre liggje der, utan bekymringar lengre. Så fredeleg at det freista å stikke hovudet fram å skrike noko stygt om fiendens mødrer. Hjå meg haldt det med tanken om å gjere det, eg er redd for å døy. Manny og.

Det er fyrste gongen eg har sett han sitje heilt taus, stiv av skrekk. Det er også fyrste gong eg kan huske å ha sett ein tåre renne ned kinnet til Peter. Den store kraftkaren, som han sjølv har sagt, ikkje har nokon følelesar i kroppen. Han berre sit der og ser på sin daude brors kropp. Han reiser seg roleg, går framover mot ammunisjonskassa. Han tar opp sitt maskingevær og går mot kanten av krateret. No står han oppe på kanten, mumlar noko. Det høyres ut som ein bøn for sin bror og seg. Så ser han opp, mot horisonten. Han begynner å gå, sakte. Eg skjønar ingenting. Kvifor blir han ikkje skoten? Han reiser våpna i allbogehøgde og går kanskje fem-ti meter utan å gjere noko meir. Så begynner han å skyte beherska mot horisonten. Da kjem svaret frå den andre sida. Fyrst eit skot i venstre side av magen, så eit i brystet. Peter dett ned på kne, framleis på fingeren på avtrekkaren. Seks skot i brystet, det tok minst fem sekundar mellom kvart skot. Han legg seg på ryggen, så er det slutt. Det er stille.

Så høyres det eit skot til, men denne gongen kom det ikkje frå fiendens linjer. Den sterke lukta av krut kjem frå nede i krateret. Det ble for mykje for Manny, han nærmast gråt i fem minuttar etter han skaut seg. No var det berre meg igjen. Eg berre sit i gropa med hovudet godt planta mellom føtene. Eg begynnar å drauma igjen, det er den same draumen. Eg høyrer føt luske seg frå alle kantar, men eg bryr meg ikkje lengre. Eg kastar frå meg våpna mine, og smilar. Det er grønt og fuglane kvitrar. Soldatane som står på kanten av krateret forsvinner, og eg høyrer skot. Skot som forandrar seg til høge hjarteslag

 

Skulle jeg forsøkt å fått filmatisert denne?


12 kommentarer

 

Ikke medlem?

Det tar 1 minutt å registrere seg.